kvardagsliv (sesong 1-5)

kvardagsliv, sesong 1

(pilot: berre første setning)
eg sit i senga
i berre boxaren.
eg veit ikkje kva eg skal ha på meg.
dritt lei alle kleda mine,
dessutan er dei ikkje varme nok.

kvardagsliv, sesong 2

blir forbanna
på folk som ikkje
oppdaterer facebooken sin oftare.
og eg blir forbanna
på at eg ikkje har gjort
noko anna i fem timar.

kvardagsliv, sesong 3

høyrer "stars 4ever" på repeat
heile bussturen før jobb.
aldri blir behovet for robyn sterkare
enn når eg er heime.

kvardagsliv, sesong 4

mistar 20-bussen
bannar heile vegen heim og
ønskjer at alt og alle eg ser
tar fyr og døyr.


kvardagsliv, sesong 5

vaknar av meldinga:
"er dritings, skal vi møtast?"
slår på lyset, svarer:
"ok."
får svar:
"sry, sendte feil."

 

tekst & foto / privat

5 kommentarar

maren

06.jan.2011 kl.16:05

ååh hjerte. så bra så bra!

Jenni

06.jan.2011 kl.20:41

fint kvardags liv du har. likar det.

John T.

06.jan.2011 kl.23:41

Det er vakkert, mann.

Ragnhild

07.jan.2011 kl.18:31

*Klem*

sar

24.jan.2011 kl.20:10

åh, det var fint. likte bildene og alt. ja, alt egentlig.

og den siste meldinga svei litt

skriv ein ny kommentar

bloglovin

christine + emma + henrik

janne + julie + jostein

mariell + mariel + sara

simen

hits