trengje gjennom vinter

det er veldig slitsamt
å gå i slaps.
ein må trengje seg fram
overalt med ein teknikk
ein ikkje beherskar.
og mens ein plogar seg gjennom
får ein altfor god tid til å tenkje på
alle andre dritting som ein må
trengje seg gjennom.

som

1 alle first price-matvarene
som smakar dritt
2 drittdårlige bøker som
må leverast inn på deichmanske
3 betale straum som er drittdyr (det er
nesten det verste for eg veit
at eg kanskje har det litt for varmt
enn det eg burde,
men eg elskar å gå i shorts og singlett inne
og drite i at eg heller burde tvinge meg inn i
ullundertøy og ullgensar og ullsokkar, det klør.
det er min måte å gløyme at det er vinter)
4 kvar gong eg høyrer på musikk, og
songen handlar om kjærleik (alle songar
handlar jo om det), og eg ser altfor godt
at songen er skriven
hundre og førtifire prosent
til meg. dritt.

 

tekst / privat
foto / jtfoster

3 kommentarar

Ragnhild

09.jan.2011 kl.19:51

Kjempebra! Likte spesielt dei siste linjene i begge versa. Du gjer det enkle veldig meiningsfullt :)

tblå.

16.jan.2011 kl.04:20

skal du lage en ny bok snart?
(jaa a a++)

emilie

24.jan.2011 kl.17:51

denne er av de beste, bloggen.

fordi den bare blir bedre og så fortsetter den samme vei.

skriv ein ny kommentar

bloglovin

christine + emma + henrik

janne + julie + jostein

mariell + mariel + sara

simen

hits