vakne opp og kjenne ingenting


då eg la meg inntil han den lørdagsnatta:

- har du feber?
- nei, eg har ikkje feber?
- du er utrulig varm!
- er eg det?
- ja, du kokar
- kanskje eg gjer det

han haldt meg fast likevel. sjølv om han nesten brende seg på den heite huda mi.

ein halv time etter slapp han grepet og eg skjønte han hadde sovna. korleis klarte han å sovne? var det ikkje ein million eksploderande fine ting som flaug rundt i hovudet hans? som korleis håret mitt lukta. at eg hadde mjuk hud over skuldra. mine pikante kragebein. dei stramme leggane mine.

ved frukosten morgonen etter:

- kvifor er du så trøtt?
- eg har ikkje sove, klare det berre ikkje
- så dumt då

så vart det litt for stille, eller eg berre sovna litt. mens han tygde frukosten sin.

tekst / privat
foto / mariell øyre

2 kommentarar

veroniq mike

03.feb.2011 kl.08:31

aah. jeg døde. sykt fint, og helt ekte.

m

04.feb.2011 kl.00:32

åh, så pent. "så vart det litt for stille, eller eg berre sovna litt. mens han tygde frukosten sin." det spiller som en litt rar og fin film i hodet mitt.

skriv ein ny kommentar

bloglovin

christine + emma + henrik

janne + julie + jostein

mariell + mariel + sara

simen

hits