fuck yourself a life

skal du vere nok ein gut som berre sluttar å svare?
nok ein gut som berre kastar meg i bosset

men ikkje faen
om eg lar deg
gjere det

du kjem aldri til å bli
ein som kan knyte seg sjølv ut av plastposen
på veg ned i dunken
men det kan eg
det er eg

og difor seier eg at:
det aldri går nedover,
det går berre oppover ? berre oppover

greit, du kan velje å ikkje svare meg.
(herregud er ikkje du fire år eldre enn meg?)
eg har slutta å sende deg spørsmål og forståingar.

eg veit du kjem til å sakne meg.

tekst / privat
foto / heidi

7 kommentarar

m

05.feb.2011 kl.03:30

au.

du skriver så bra at det gjør vondt.

m

05.feb.2011 kl.14:29

det fineste ved det er vel kanskje det her :

"du kjem aldri til å bli

ein som kan knyte seg sjølv ut av plastposen

på veg ned i dunken

men det kan eg

det er eg"

også liker jeg at det er så ærlig, og hvordan åpninga gjør at man kan ta og føle på avisninga, også kommer den siste linja og snur litt meninga, som sier at det kommer til å gå bra selv om det gjør vondt. det her er også veldig fint : "det går berre oppover ? berre oppover"

Ragnhild

05.feb.2011 kl.16:59

jævlig bra! herlige perspektiv.

Sunniva

05.feb.2011 kl.19:51

Bra bra!

ingen vet om denne bloggen

06.feb.2011 kl.02:08

puss

Jeanette M

08.feb.2011 kl.21:36

Du skriver så utrolig bra!

I tillegg liker jeg bildet utrolig godt. Litt fordi de er så "søtt" kledd på en måte også gir de fingeren, det er liksom litt uventet.. :D

Louise

10.feb.2011 kl.09:37

For en utrolig fin blogg du har. Helene arnesen, søstra mi, anbefalte den, og jeg skjønner hvorfor!

skriv ein ny kommentar

bloglovin

christine + emma + henrik

janne + julie + jostein

mariell + mariel + sara

simen

hits