flekkete

eg må få tak i deg. eg skulle jo få det klesstativet av deg, for eg treng det no. mitt sjanglar som berre det. det heng for mange kle på det, så eg treng ditt store og solide. eg prøver å bli kvitt ein del av kleda mine forresten. som blant anna den stripete t-skjorta i svart og kvitt. du kan få den, du likte jo den så godt. du likte den og den luftige grå genseren med u-hals. men den har jo ein flekk på seg no. massasjeoljeflekk etter den gangen eg masserte deg veit du. så den går jo nesten ikkje an å bruke. og det er synd, for det var den finaste genseren min og no ser det ut som noko heilt anna har flekka seg midt på brystet der. det same med det beige lakenet mitt, heilt øydelagd. flekkar overalt. det ser jo ut som ei overkåt tenåringstruse som ikkje har blitt vaska men som berre blir verande i sitt ureine og jævlig stygge eg. så lakenet må kastast, lakenet og den grå genseren. og det er synd, for det var ikkje eingong ein bra massasje.

tekst / privat
foto / mariell

4 kommentarar

maren

20.02.2011 kl.19:27

åå<3

FridasoopahKari

28.02.2011 kl.21:50

Ekte fredd!

Dorte

05.03.2011 kl.06:55

Kjipt det med gensaren. Kult skrive!

havana f.

17.08.2011 kl.19:04

utrolig flott. skjærende.

skriv ein ny kommentar

bloglovin

christine + emma + henrik

janne + julie + jostein

mariell + mariel + sara

simen

hits